Rett før jul sa statsminister Jonas Gahr Støre til Klassekampen at han tykkjer han møter ein annan tone og tilnærming til samarbeid med Marie Sneve Martinussen som leiar av Raudt enn han gjorde med Bjørnar Moxnes. Han meiner det opnar for meir politisk samarbeid.
Jonas Gahr Støre opnar for tettare dialog med Raudt. For leiar Marie Sneve Martinussen er ein ny politisk retning viktigare enn møtene.