Nidstonga

  • Offentlege leiarar og tillitsvalde har visst illusjonar om at dei er direktørar i Apple og Tesla. Medan politikarar slit med habilitetsreglement, slit universitetsleiarar med akademisk fridom. Skandalane mangelen på rolleforståing skapar, hermar kvarandre. Rektor ved NTNU Anne Borg er i hardt vêr etter at ho i Dagens Næringsliv offentleg kritiserte eigne forskarar for måten dei hadde uttalt seg på i ein fagdebatt om kjernekraft. Sidan er Borg driven frå skanse til skanse av stadig nye opplysingar i Universitetsavisa og Khrono. Først bad rektor om orsaking og sa ho hadde vore redd forskarane vart tatt til inntekt for sjølve NTNU. Så kom det fram at ho ikkje berre har bøygd seg for press frå Norsk Industri, men nærast søkt godkjenning av lesarinnlegget sitt frå NHO – og det med klar forventing om at ho ville få ytringsfridomskritikk. I dag blir saka drøfta i eit lukka(!) styremøte ved NTNU. GK

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

På tampen

I Trumpistan er medie­til­synet eit politisk våpen. Dårleg for demo­kra­tiet – profi­tabelt for nettplatt­former utan kontroll.

Vi havna på ...

... muse­ums­kon­fe­ranse om bevaring av kunst og kulturarv. Men først noe helt annet ...

Medier

Tidligere PFU-leder Sven Egil Omdal ser flere klare brudd på Vær varsom-­plakaten i Hans Rustads podkast.