DebattIsrael og palestina

Lygekors

Vi seier våpenkvile no, med lygekors bak ryggen. Vi seier ro dykk ned, ver så god her er fleire våpen. Vi seier dette er alvorleg, kvar skal denne millionen inn på konto? Vi seier born vil ikkje døy i bomberegn, dei vil sjå danseshow med glitter og fengjande musikk og sjå her er invitasjonen. Er verdspolitikken blitt ein rubiks kube og eg blitt fargeblind? Hysj, dersom vi er musestille kan vi kanskje vinne stilleleiken og knappenål og Eurovision Song Contest. Vi kjempar mot dei mektigaste. Vi kjemper med dei mektigaste. Vi kjempar, og dei med pengar, våpen, definisjonsmakt, det er dei som er mektigast som vinn.

Kor mange gonger skal ein seie, skrive, rope, kviskre born døyr, born døyr, born døyr. Eg trudde aldri eg ville gå tom for formuleringar og synonym på jævlig, grufullt barnemord, men no finnast det ikkje nok stjerneskot på himmelen. Ikkje nok ånder i lamper. Ikkje nok smellbongbong for å redde alle born som allereie er vekke.

Er det ikkje vi som er samfunnet, som er demokratiet? Er det ikkje min stemme som har valt, og mine skattepengar, og min pensjon? Og kvifor er det ikkje då mitt val? Vi er fredsnasjonen i nord, surrogatmor for Oslo-avtala, heimen for Nobels fredspris, og vi gir nødhjelp med den eine handa og strupar ein heil nasjon med den andre.