Eg gjekk motsett veg av Thomas Mann. Ikkje som noko stort og endeleg val – det berre blei slik.

Førebilete, på ein måte

DANNA MANN: Forfattar Thomas Mann poserer for fotografen ved skrivebordet sitt i Zürich i 1952. FOTO: A. PFISTER, NTB / AFP

I romanen «Doktor Faustus» av den store tyske diktaren Thomas Mann møter me komponisten Adrian Leverkühn. Adrian er fiktiv og kanskje nett derfor heilt genial. Det er dette geniale Mann interesserer seg sterkt for. Kva er det geniale? Ikkje minst har det geniale mykje med det demoniske å gjera, slik Mann ser det. Og den store kunstnarpersonlegdommen, slik hen framstår for oss, både no for tida og i gamle dagar, skal helst ha nokre vonde sider. Hen skal iallfall ikkje vera for snill. Då blir ikkje kunsten hard nok.

Med andre ord