AUF fryktar konsekvensane av vestleg dobbeltmoral om vi ikkje sanksjonerer Israel på lik linje med Russland.

Vil forby okku­pa­sjons­varer

Krev meir: Nestleiar i AUF Gaute Børstad Skjervø meiner merkeordninga av varer frå okkuperte område ikkje er nok, og ønskjer eit forbod. Her er han fotografert ved 22. juli-minnesmerket ved Regjeringskvartalet. Foto: Rikke Løe Hovdal

Appelsin, vassmelon og jordbær, eller chardonnay og hudpleieprodukt med salt frå Daudehavet. Produkt produsert på okkupert område er å finne i daglegvarekjedene, på parfymeria og på polet. Det vil AUF ha ein slutt på. Dei ber Ap si stortingsgruppe jobbe mot at handel av varer produsert på okkuperte område blir forbode.