Næringspolitikk 5. mars
Nysnø-populismen i Raudt Raudts høgredreiing når stadig nye høgder. No føreslår stortingsgruppa å leggja ned det statlege investeringsselskapet Nysnø. For eit parti som stort sett har hatt eitt svar i næringspolitikken – statleg eigarskap – er dette ganske merkeleg. Ifølgje Raudt subsidierer Nysnø investeringar i private selskap der risikoen blir boren av skattebetalarane, medan gevinsten går til dei private eigarane.
Dette er både direkte misvisande og heng ikkje på greip prinsipielt. Nysnø subsidierer ikkje investeringar i private selskap, men investerer på same vilkår som private aktørar. På vegner av staten får dei ein eigarposisjon i selskapa dei investerer i, og tek del i gevinsten på lik linje med andre investorar.
Risikoen blir delt mellom Nysnø og dei private, og gevinsten blir delt tilsvarande.
Reber Iversen og Ingrid Fiskaa