Ben Allport har ein stor, fin artikkel i Klassekampen om navigasjonsproblem 20. november. Vikingane var framifrå sjøfolk. Dei sigla over og på alle hav i Nord- og Vest-Europa. Ja, vi veit at dei sigla heilt til Island og Grønland. Eg var i Grønland vest i havet i sommar og såg spor etter dei, og vi veit at dei fór vidare vestover til Vinland og det som no heiter Amerika. Dette er jo imponerande når dei ikkje visste skilnaden mellom nord og vest, men dei hadde no stjernene. Ben Allport skriv om astronomen Christopher Hansteen som i 1821 reiste vestover frå Uvdal til Hardangerfjorden og trudde dei reiste nord. Ja, det er underleg, og det er ei forvirring som har vart heilt til vår tid og ikkje berre i Uvdal. Eg er vakse opp med det og trur det stadig er slik i Vinje-dialekten.