Akademisk boikott av Israel no!

Det pågår eit folkemord og etnisk reinsing i Palestina. Vi kan ikkje stå og sjå på at det skjer. At universiteta i Noreg har samarbeid med israelske universitet og akademikarar, og ikkje ønskjer ein akademisk boikott, ser eg på som naivt og spesielt. Ein veit kor effektivt verkemiddel boikott er og har vore historisk, spesielt i samband med apartheidregimet i Sør-Afrika. Vi tel no over 13.000 sivile liv og over 5000 barn drepne på palestinsk jord, og tala vil berre fortsette å vokse så lenge ein ikkje hever røysta si og tek i bruk alle verktøy ein har tilgjengeleg.

Debatt