Siri Petersen har sett seg til rette i sofaen i den kommunale bustaden på Sola. Gardinene er slått opp for anledninga. Vanlegvis er dei trekt for. Det er første gong på eit år nokon kjem på besøk, utanom heimesjukepleia.
– Dei har tatt frå meg alt. Dei har tatt frå meg å kunne leve eit ordentleg liv.
Petersen er ufør, men får ikkje uføretrygd. Ho har bestemt seg for å fortelje historia ein gong, for ho trur ikkje ho er åleine.
– Saka er enkel. Eg har ikkje budd i Noreg, og eg har ikkje jobba i Portugal, seier ho.
Mindre enn minst
Hadde Petersen visst det ho visste no, hadde ho gjort alt annleis. Men ho hadde ikkje planlagt at ho ein dag skulle flytte heim att. Ho hadde ikkje planlagt å bli sjuk.
Det handlar om trygdetid. Har du budd heile livet i Noreg, er trygdetida på 40 år. Kjem du frå eit anna land, eller har budd delar av det vaksne livet i utlandet, blir derimot trygdetida redusert.
Blir du ufør før du har vore del av folketrygda mindre enn fem år før uføretidspunkt, står du i fare for å få ingenting.
Minstesats for uføretrygd er sett for å sikre at dei som blir for sjuke til å jobbe, har eit minimum å leve for, sjølv om ein ikkje har jobba. Men det er fleire som får mindre enn minstesatsen i Noreg. For å få minstesats må du oppfylle eit eller fleire kriterium, og ikkje minst ha god timing.
– Eg visste ingenting om at reglane var slik, seier Petersen.
Petersen er fødd og oppvaksen i Rogaland. Då ho var 28 år, møtte ho ein portugisar. Dei gifta seg og flytta til Portugal, der ho var heimeverande for fem barn. Etter 14 år i Portugal bestemte ho seg for å skilje seg og flytte tilbake til Noreg.
Det å etablere seg på nytt i Noreg etter 14 år i utlandet var hardt, men det gjekk. Saman med to av dei yngste barna flytta ho etter kvart inn i kommunal bustad utanfor Stavanger, og ho fekk seg deltidsjobb som assistent på sjukeheim.
– Det var kjempekjekt. Eg treivst godt. Eg fekk plutseleg eit sosialt liv utanom ungane.
Men det skulle ikkje vare lenge. Belastninga av skilsmissen og å starte på nytt i eit anna land, sjølv om det var heimlandet, førte til ein psykisk smell. Petersen blei sjukemeldt, men var innstilt på å kome seg på beina att. Før ho rakk det, fekk ho eit kraftig hjarteinfarkt, og året etter eit slag. Petersen kom seg aldri tilbake i jobb.
Avslag frå Nav
Petersen gjekk først på arbeidsavklaringspengar, men søkte etter kvart på uføretrygd. Etter lang behandlingstid fekk ho uventa avslag på søknaden, og til slutt avslag på klagen om avslag.
I dokumenta frå Nav står det at uføretidspunktet er sett frå då ho blei sjukemeldt, 1. oktober 2012. Då hadde ho budd i Noreg i nesten eitt år. Sjølv om ho til saman har ei trygdetid i Noreg på rundt 14 år, tel ikkje dette med.
Frå Portugal har ho heller ikkje noko trygdetid, fordi ho ikkje jobba medan ho budde der. Men det finst unntak frå reglane, for eksempel om du er flyktning eller har ein godkjent yrkesskade.
I avslaget på uføretrygd frå Nav står det: «Uføretidspunktet ditt er satt til et tidspunkt som er etter du fylte 26 år. Du har mer enn fem år uten medlemskap i folketrygden i perioden fra du fylte 16 år og til uføretidspunktet. Du har ikke en opptjening som svarer til minst halvparten av minsteytelsen for uføretrygd. Du oppfyller ingen av unntaksreglene.»
– Eg kan ikkje forstå at systemet skal vere slik. Eg er norsk statsborgar. Eg har alltid vore det. Ja, eg flytta ut, men …
Petersen trekker pusten, strekker seg etter ein serviett.
– Minstesats på sosialen. Det er det eg fortener.
Dømd til fattigdom
Hadde Petersen visst korleis livet heime i Noreg skulle bli, ville ho aldri ha skilt seg. Livet var meir fritt då ho var avhengig av ein mann ho ikkje ville vere avhengig av, enn no som ho er fattig i Noreg.
No må ho søke til Nav kvar gong ho skal kjøpe noko nytt, om det er klede, sko eller ein frisørtime. Slik har ho levd sidan 2012.
– Nav styrer økonomien min, bustadkontoret bestemmer kor eg skal bu, og heimesjukepleia styrer tida mi. Eg er ikkje fri. Staten bestemmer over meg.
Dei siste åra har ho merka godt at alt har blitt dyrare.
«Eg er ikkje fri. Staten bestemmer over meg.»
— Siri Petersen
– Eg greier meg ikkje ein heil månad. Eg må gå til gutungen for mat, seier Petersen.
Petersen både prøver og vil leve som normalt, men kvardagen som fattig gjer det vanskeleg.
– Ser du at eg har klipt meg? spør ho og viser fram endane av det lange svarte håret.
– Før rakk det ned hit, held ho fram og viser med hendene korleis håret rakk til under rumpa. Ho har ikkje hatt råd til å klippe seg.
Fritt liv
Ho er heller ikkje trygg i nabolaget ho er plassert i, der det er ein overvekt av tyngre rusmisbrukarar. Det er skotmerker på vindauga på ei av naboleilegheitene. Fleire gongar har ho vakna av brannalarmen midt på natta. Flerire gongar fordi det faktisk har vore brann. Ho har også hatt politiet på døra, også når barn og barnebarn har vore på besøk. No tør dei ikkje å kome lenger.
– Ingen vil kome på besøk til meg lenger, eg har ikkje noko liv.
Men ho har ikkje gitt opp. No får ho hjelp frå organisasjonen Nav-oppryddingen til ta saka si vidare. Ho vil vise til andre som står i same situasjon at det er håp og hjelp å få.
– Heile 40-åra har stått på vent. No er eg 54, skal dei ta frå meg 50-åra også? Nei, seier ho.
Det er ikkje noko anna alternativ for ho enn at Nav gjer om vedtaket. Både ho og Nav-oppryddingen meiner trygdetida skal leggast til.
– Eg har vore heldig. Men eg kjenner på kroppen at eg står i kampen eine og åleine mot Nav. Det er ikkje nok at eg slit og er sjuk, seier Siri Petersen.
Politisk spørsmål
Seksjonssjef i Nav Bente Thori-Aamot stadfestar i ein e-post at dette er regelverket, men at kvifor er eit politisk spørsmål:
«Man må ha vært medlem i trygden i minst 5 år før man blir ufør, med enkelte unntak. Trygdetid fra andre EU/EØS-land og land Norge har trygdeavtaler med, kan telle med i disse 5 årene. Disse landene har egne regler for trygdetid. Med unntak av de nordiske landene, gir de fleste land trygdetid basert på arbeid eller inntekt. Dette gjelder blant annet Portugal. Norge legger opplysningene om trygdetid fra andre land uprøvd til grunn, og kan ikke overprøve disse.»