Ikkjeval­delege forsøk

Massakrane i samband med den nylege offensiven til Hamas kan ha følgt av planlagt vald mot sivile, eller det kan ha følgt av den forvirringa som nødvendigvis følgjer av ein slik offensiv. I ein usymmetrisk krig vil denne typen ting skje – akkurat som den kollektive avstraffinga Israel no utset folk på Gaza for vil skje. Det er noko ein godtek når ein godtek krig. Difor er krig ikkje noko å glede seg over. Det bør alltid vere det siste middelet ein nyttar.