Beredskap 11. sep.
Kuler, krut og mat I heile mitt liv, frå eg var stor nok til å forstå, har eg høyrt at i 1940 var vi her i landet ikkje budd på at framande makter skulle koma å ta over styringa i Noreg. 9. april i 1940 skjedde det likevel. Den gongen var det underkant av tre millionar som budde her i landet, i dag er vi nesten dobbelt så mange.
I 1940 hadde vi mellom 130.000 og 150.000 bruk som hadde kyr og eller geit, og som dreiv mjølkeproduksjon, i dag har vi cirka 6000 bruk som driv med mjølkeproduksjon.
I 1940 var det nok minst 400.000 som kunne handmjølke fem kyr etter kvarandre, i dag er det ingen.
I 1940 var det ein slaktar i kvar ei grend i heile landet, i dag må du vere så heldig å kjenne ein storviltjeger for å få avliva og partert eit dyr.
Mogleg at vi i dag har meir kuler og krut, men er vi budd på at heile nasjonen skal ha mat?.
Håvard Kleiven