Stær er trivelege så lenge det er snakk om fuglar. Den grøne og den grå varianten som slår seg til i auga derimot, er ikkje like velsett. Heldigvis kan den grå opererast bort. Kona mi har blitt invadert og blei hasteinnkalla til operasjon på det eine auget her om dagen. Det kan vise seg å bli dyrt. Operasjonen var vellukka, og allereie fyrste dagen registrerte ho at stoveveggen som ho trudde var grågul, faktisk var kvit. Det er ikkje noko problem. Verre er det med slitne vindauge og dører som til no har fått ha sine skrammer og sår i fred. For ikkje å snakke om kjøkenet, det må skiftast, og nytt kjøken det er dyrt.