Ei meir selektiv framstilling av bakgrunnen for Russlands krig mot Ukraina enn det Ingegerd Austbø presenterer i Klassekampen 4. oktober, skal det godt gjerast å koma opp med. Her står det ingen ting om russiske forsøk på å styra presidentvalet i 2004 eller på å få Ukraina til å forkasta assosieringsavtalen med EU i 2013/2014. Det siste førte til Euromaidan-revolusjonen. Ingen ting om påverknadskampanjar og militær intervensjon i Donbas. Og absolutt ingen ting om fullskala-invasjonen frå februar 2022: Mariupol, Butsja og Irpin, bombing og bortføring av barn, brutalt okkupasjonsstyre med fysisk utradering av det kulturelle minnet. Lista kan gjerast mykje lenger. Inntrykket ein sit att med, er at Ukraina har seg sjølv å takka.