Den tradisjonsrike trontaledebatten i Stortinget er eigentleg opposisjonens høve til å stille kritiske spørsmål til regjeringa. I år kjem også leiaren for det største partiet i opposisjonen, Erna Solberg, til å måtte svare på kritiske spørsmål frå opposisjonen.
– Eg kjem til å ta replikk på Erna Solberg sitt innlegg i trontaledebatten, og så kjem eg til å stille ho spørsmål om aksjesaka og om inhabilitet. Eg lurer mellom anna på om ho nokosinne har erklært seg inhabil i samband med aksjehandelen til ektemannen Sindre Finnes eller ikkje, seier stortingsrepresentant for Raudt Seher Aydar.
– Kvifor vil du gjere det når det også er ei sak i kontrollkomiteen på Stortinget der de vil få høve til å stille spørsmål til Solberg? Er det riktig stad å gjere i trontaledebatten?
– Det er fordi dette er første høvet til å stille Solberg nokre spørsmål etter at Statsministerens kontor kom med fleire viktige dokument som gjer det heilt klart at vi framleis har fleire ting vi lurer på, seier Aydar.
Svar på brev
Måndag denne veka offentleggjorde Statsministerens kontor (SMK) sine svar på eit brev dei fekk frå kontrollkomiteen på Stortinget tidlegare i haust.
I brevet stiller komiteen ei rekkje spørsmål om korleis dei har vurdert habiliteten til Erna Solberg medan ho var statsminister, og dei stiller også spørsmål ved i kor stor grad SMK har gripe inn for å passe på at Erna Solberg følgjer med på aksjehandelen til Sindre Finnes og at den ikkje gjer ho inhabil.
Fellesnemnaren i svara frå SMK er at dei peikar på at det er Solberg sjølv som har hatt ansvar for å sørgje for at ho ikkje er inhabil.
Stortingsrepresentant for SV Audun Lysbakken seier at svara frå SMK gjer at dei ser endå meir alvorleg på handlingane til Erna Solberg enn tidlegare.
«Som en rekke avsløringer har vist de siste dagene, er det god grunn til å spørre om hun burde kontrollert og oppdaget aksjehandelen langt tidligere. Jeg mener Solbergs opprinnelige forklaring er svekket, mye tyder på at hun kunne gjort mer for å avverge skandalen selv», skriv Lysbakken i ein e-post til Klassekampen.
Vil bruke tid på regjeringa
Framstegspartiet og nestleiar Hans Andreas Limi har vore blant dei som har vore kritisk til fleire sider ved Solberg-saka og måten ho har handtert sin eigen inhabilitet på.
Limi og Frp vil ikkje bruke tid på det i trontaledebatten i morgon, fordi dei vil nytte den tida til å stille spørsmål til regjeringa.
Limi skriv likevel til Klassekampen at svara som måndag kom frå SMK, gjer at dei ventar på ei vidare utgreiing frå Solberg.
«Svaret fra SMK bekrefter at Solberg kan ha vært inhabil i flere saker i sin tid som statsminister. Nå avventer vi hennes egen redgjørelse», skriv Limi.
«Eg kjem til å ta replikk på Erna Solberg sitt innlegg i trontaledebatten.»
— Seher Aydar, stortingsrepresentant for Raudt
Ikkje noko fast grense
Eit av spørsmåla som kontrollkomiteen stilte til SMK, var om dei hadde noko vurdering av kor mykje aksjar i eit gitt selskap som ville ha gjort Solberg inhabil.
Som Klassekampen har skrive om tidlegare, auka aksjedelen til Finnes og Solberg i selskapet Hydro frå mindre enn 50.000 kroner til kring 200.000 kroner.
SMK vil likevel ikkje slå fast kva tid summen blir så stor at Solberg kan ha vore inhabil.
«Det er nyttig at SMK slår uomtvistelig fast at det ikke finnes noen grense for habilitet ved eierskap over eller under en viss sum. Dette understreker også at Solberg burde gjort en vurdering av sin habilitet i forhold til for eksempel Norsk Hydro», skriv Lysbakken i SV.
Erna Solberg har tidlegare sagt til Klassekampen at kjernen i måten ho vurderte sin habilitet på rundt ektemannen sin aksjehandel, var eit møte mellom Sindre Finnes og SMK i 2013.
I svaret frå SMK skriv dei meir om det møtet, og at det var eit fysisk møte der SMK gjorde det klart kva aksjepostar i aksjeporteføljen hans som var så store at det kunne føre til inhabilitet.
På spørsmål frå kontrollkomiteen på kva SMK gjorde for å følgje opp storleiken på dei ulike aksjepostane i løpet av statsministerperioden til Solberg, peikar dei igjen på at det var Solberg sitt eige ansvar å gjere.