Bds 12. okt.
Tydeleg, Kravik? Takk til SVs Ingrid Fiskaa som tar til motmæle mot det BDS-kritiske statsbudsjettet. Med dette forsøker regjeringa å strupe eit ikkje-valdeleg verktøy for å stoppe Israels folkerettsstridige angrep. At Ap og Sp vil halde hand med Høgre i denne saka er notert.
Regjeringa koplar BDS til diskriminering og antisemittisme, og hoppar dermed bukk over internasjonal rett og ICJs avgjersler. Å stoppe pengestraumen til selskap som gjer det mogleg for Israel å drepe fleire titals barn i døgnet og drive ulovleg okkupasjon i tiår etter tiår, er i tråd med folkeretten.
Andreas Kravik svarer at regjeringa har ein tydeleg politikk om den ulovlege okkupasjonen. Men eit regjeringsutnemnt utval tilbakeviser dette.
NOU 2024: 9, Ny lov om offentlige anskaffelser, konkluderer med at regjeringa har vore utydeleg når det gjeld statens pengebruk og Israels okkupasjon (boks 9.5). Regjeringa har gitt rettleiing til næringslivet, men ikkje til offentlege oppdragsgivarar.
NOUen skriv også at «internasjonal humanitærrett eller annen folkerett» kan vere gyldig grunn til å avvise ei nyskaffing, om ein ser på EU-domstolens vurdering av «yrkesmessige forsømmelser» (avsnitt 9.6.4.2.).
Eli Morken Farstad , Bieke Gils og 1 andre