Jonas Andersen Sayed sikra KrF det beste valet i Sokndal nokon gong, men medan han var på ordførar­oppdrag, samla dei andre seg om å ta jobben hans.

Ordfø­rar­lot­toen

KLØR SEG I HOVUDET: Jonas Andersen Sayed (KrF) må gje seg som ordførar, trass i eit kanonval. Dei andre partia samla seg utan å involvere han. Førsteamanuensis i statsvitskap Svein Erik Tuastad meiner partia må endre kulturen og seie til veljarane før valet om kven dei vil forhandle med. Foto: Ingunn Walderhaug, Dalane Tidende

Valkvelden fekk Kristeleg folkeparti 28,9 prosent oppslutnad og vart klart største parti. Sitjande ordførar Jonas Andersen Sayed fekk over dobbelt så mange slengjarar som nestemann på lista. 48 timar seinare var han plassert på sidelina.