Jubelen stod i taket på valvaka til Høgre i Bergen då dei første tala kom i går kveld. Prognosen til NRK viste 26,0 klokka 21.20 i går kveld. Det er det beste sidan brakvalet i 2011.
Høgre vart valvinnar og vil ta tilbake storbyane. I Bergen har dei sjansen, men då må dei finne kreative samarbeid.