”Muligheter for alle”

Dette falske slagordet blafra forbi auga mine i går då eg skulle sjå på ei Snap Chat-melding. Tenkte først at eg skulle ha sendt det i retur til avsendaren, med korrektur så dei kunne sleppa ut av ’fake news’ domenet. «Betre moglegheiter for dei rike» ville det då blitt, på eit nynorsk som Høgre aldri har sett pris på. Då ville det ha vore ærleg og i tråd med heile Høgre si historie, både frå gamle dagar der dei stritta mot kvart einaste forslag til nye velferdsordningar, og dei siste åra med regjeringsmakt der dei forfølgde personar på Nav-stønader heilt inn i fengsel i strid med gjeldande lover, og presterte å skrota to skattekommisjonar sine forslag til meir skatt på laksenæringa si utnytting av naturressursane langs kysten. Men så er det så viseleg laga for det falske i vår tid at det er både vanskeleg å demma opp for og å senda i retur.

Debatt