Framstegspartiet har dei siste vala mista grepet om dei store byane. I Bergen gjekk dei frå 20 prosent i 2007 til 4,7 prosent for fire år sidan. I Oslo frå 14,3 til 5,3 på same tida og i Trondheim frå 14,8 til 5,1. I Stavanger fall dei frå 21,1 prosent i 2003 til 8,9 ved sist val.
Framstegspartiet la ned lokallaget og ekskluderte to av tre i bystyret. No kan dei gjere eit brakval i Bergen.