Marie Sneve Martinussen er lei av å sitje på utsida. Etter valet håpar ho at Raudt blir eit parti som tek makt og posisjon i større grad enn før.

Vil gjere Raudt til eit maktparti

FØREDØME: Førstekandidat Jan Petter Bruun Bastøe og resten av Sarpsborg Raudt er eit føredøme for partiet, ved at dei søkjer makt og gjennomslag, meiner Marie Sneve Martinussen.

Raudts ferske partileiar Marie Sneve Martinussen har reist til Sarpsborg i Østfold for å treffe partikameratane i det som kan bli ein god kommune for partiet etter valet.