Lars Nyre har delt denne artikkelen med deg.

Lars Nyre har delt denne artikkelen

Bli abonnent

To MIT-økonomar meiner at gode krefter kan styra kunstig intelligens på rett spor. Diverre er dei blinde for teknologiens eigne drivkrefter.

Kan vi styre teknologien?

VI TEK DET HERIFRÅ: Når menneska skapar ny teknologi, som dampmaskina, kan det sjå ut om om vi styrer. Men på lang sikt det er den tekniske rasjonaliteten som styrer utviklinga, skriv forfattaren. Illustrasjon: kobberstikk ca. 1861, Wellcome Collection

Menneska har alltid kontroll over teknologiutviklinga, skriv forfattarane av den nye boka «Power and Progress. Our Thousand-Year Struggle Over Technology and Prosperity». Daron Acemoglu og Simon Johnson er begge professorar i økonomi ved Massachusetts Institute of Technology, og dei skriv ei storslått historie om korleis automatisering har forandra arbeidslivet. Dei meiner at menneska alltid har det siste ordet når det gjeld funksjonen til teknologiar. Det er berre vi som har målsetjingar, og teknologiane blir difor slik vi bestemmer oss for å laga dei. Det er rett nok ofte kommersielle aktørar eller autoritære statar som har sterkast styring, men sidan utviklinga er grunnleggande menneskestyrt kan også gode, demokratiske krefter forma den. Difor er det viktig å støtta opp under politisk styring som kan gje teknologiutviklinga ei god retning.

Dette er vakre tankar som ingen har lyst å vera ueinig i. Hovudtanken i «Power and Progress» gjer boka svært aktuell i samband med diskusjonen av ChatGPT og kunstig intelligens. I snart eit år har denne kognitive teknologien skapt panikkangst hjå alle frå lærarar og akademikarar til mediefolk og programmerarar. Offentlegheita fløymer over med forslag til korleis vi bør regulera den slik at vi sjølve framleis styrer produksjon av tekst, bilete, kunst og video.

Acemoglu og Johnson har skrive eit 500 siders teoretisk argument som støttar opp under tanken om at det er mogeleg å styra retninga på kunstig intelligens politisk. Dei skriv seg inn i ein tradisjon som ofte blir kalla «sosial konstruksjon av teknologi» eller SCOT. Her vert teknologiar oppfatta som verktøy menneska kan bruka til det vi bestemmer oss for. Vi kan forandra kunstig intelligens-verktøya eller slutta å bruka dei viss det blir tilstrekkeleg semje om dette i sosiale grupper slik som skuleverket eller akademia. Denne oppfatninga står sterkt blant humanistar og samfunnsvitarar, og den nye boka til Acemoglu og Johnson kjem til å styrka den ytterlegare.

Men det finst ein annan teoritradisjon som forfattarane ikkje tek omsyn til, og som humanistar og samfunnsvitarar rynkar på nasen av. Den kan kallast «teorien om teknisk rasjonalitet» eller «teknologisk determinisme» og den er ikkje sosiologisk, men materialistisk. Den seier at teknologi kan ta over rasjonelle oppgåver for menneska og dermed stadig flytta grensene for kva som er mogeleg og meiningsfullt for menneska å gjera.

I den greske antikken gjorde skrifta at filosofar fekk rasjonell kontroll over tankane og argumenta sine, og kunne bygga opp filosofiske system som var meir kraftfulle enn den munnlege livsvisdomen som fanst frå før. På 1600-talet skjønte Francis Bacon at det gjekk an å bruka systematiske metodar til å gje menneska teknisk kontroll over naturens krefter. Han er særleg imponert over klokka, trykkpressa og kompasset fordi dei utfører oppgåver med eit kognitivt preg på måtar menneska sjølve ikkje kunne fått til.

Martin Heidegger skriv i artikkelen «Spørsmålet om teknologi» (1954) at moderne teknologi blir laga ut frå naturvitskapens evne til å gå stadig lenger inn i naturens ulike material og avsløra stadig fleire ordningsmogelegheiter. Vitskapen viser oss korleis vi kan gjera jern og olje om til bilmotorar, silikon om til databrikker og rekneprosessar om til kunstig intelligens. Metall, væsker og syntetiske material kan ordnast slik at dei vert standardiserte byggesteinar for omtrent kva som helst slags teknisk funksjon.

Det er ikkje menneska sjølve som utfordrar naturen, seier Heidegger. Vi har sett i gang ein ustoppeleg vitskapleg prosess. På nært hald og kort sikt kan det sjå ut som menneska styrer, men i globalt perspektiv og med lang tidshorisont ser vi at det er den tekniske rasjonaliteten som styrer utviklinga. Menneska delegerte rasjonaliteten sin til teknologiar, og deretter vart teknologiane rasjonelle på våre vegne. Datamaskina tok over rekning, regelfølging og lagring av informasjon og skapte nye arbeidsoppgåvene for den kontortilsette så vel som for læraren. No ser det ut som ChatGPT vil ta over viktige delar av kreativiteten til blant anna forfattarar, kunstnarar og skuleelevar.

Teorien om teknisk rasjonalitet seier at det ikkje er Elon Musk som har skapt teknologiane han blir så rik på, og det er heller ikkje han som bestemmer korleis dei skal utvikla seg vidare. OpenAI er berre det nyaste kommersielle uttrykket for ei langvarig oppsamling og effektivisering av tekniske funksjonar i datamaskiner. Ut frå teorien om teknisk rasjonalitet er det naivt å tru at vi kan stansa utviklinga av kunstig intelligens med politisk regulering, og det er også vanskeleg å sjå for seg at Noreg til dømes kan styra bruken av ChatGPT blant ungdommar ved å regulera skuleverket. Regulering kan samanliknast med å ommøblera dekkstolane på eit cruiseskip. Reisa vert nok meir komfortabel, men skipet forandrar ikkje kurs.

Kunstig intelligens er det førebels siste stadiet i ein historisk ordningsprosess som gjer at tekniske ting får ei stadig viktigare intellektuell rolle i liva våre. Ordskiftet om kunstig intelligens bør difor bli prega av meir realistiske forklaringar av teknologiars kraft enn det «Power and Progress» tilbyr.

Acemoglu og Johnson hevdar at teknologiane som trengst i det moderne arbeidslivet alltid har blitt valt aktivt av mektige personar og institusjonar. Pengeinteresser har styrt sidan dampmaskina gav energi til industrialiseringa i England på 1700-talet. Forfattarane seier ingenting om at det skulle finnast rasjonalitet bygd inn dampmaskina og fabrikkane, og framstiller det i praksis som at desse kreftene er til fri disposisjon for menneska. «Teknologiar har ikkje ei førehandsbestemt retning, og ingenting ved dei er uunngåeleg. Hovudgrunnen til at teknologiar har skapt større ulikskap er vala som verksemder og andre mektige aktørar har gjort» (s. 263, mi omsetjing). Dette er ein diskutabel påstand, sjølv om det naturlegvis ville vore kjekt for oss alle viss den var riktig.

Thomas Hughes argumenterer i artikkelen «Technological momentum» (1969) for at det er vanskeleg å skifta innretning på ein teknologi etter at den er etablert. Tidleg i utviklinga er det rett nok mogeleg for menneska å bestemma kva funksjonar den skal ha. Når vegsystemet vert planlagt og bygd har ingeniørane stor fridom til å bestemma traséen, men etter at vegen er ferdig er det vanskeleg å forandra den. Då vil den innebygde rasjonaliteten i vegsystemet føra til sterkare samanheng og presisjon heilt av seg sjølv. Vegsystemet bestemmer kva slags aktivitetar det er råd å tena pengar på langs vegen, kor det er fornuftig for folk å busetja seg og kva reisemønster som vil bli oppstå. Når det gjeld ChatGPT og generativ kunstig intelligens er det for seint å påverka den tidlege utviklinga, for den skjedde på 1980- og 1990-talet. Endringane som kan gjerast no vil i stor grad vera kosmetiske.

Effektivitet er eit viktig trekk ved moderne teknologi. Acemoglu og Johnson seier at digitale teknologiar har blitt organisert slik at dei i liten grad skapar produktivitetsauke og velstandsvekst hjå vanleg folk, men heller effektiviserer bort jobbar og aukar profitten for aksjeeigarar. Denne verknaden har blitt forsterka av deregulering og andre aspekt ved moderne kapitalisme. Forfattarane understrekar at denne sentraliseringa av kapital og makt kunne vore unngått dersom samfunnet hadde valt andre måtar å organisera teknologien på. Dei vil snu utviklinga av digitale teknologiar bort frå den kyniske effektiviseringa som Silicon Valley-milliardærane står for, og gjera arbeidslivet meir rettferdig og variert.

Franskmannen Jacques Ellul ville protestert på at dette er mogeleg. Han er kjent for boka «The Technological Society» frå 1964. Her framstiller han teknisk effektivitet som den styrande krafta i moderne samfunn. Det dreier seg ikkje om kyniske aktørar, men om ein ibuande funksjon i teknologiane. Menneska har hatt allslags praktiske målsetjingar opp gjennom historia, og har nådd dei ved hjelp av handverk med ulike grader av effektivitet. Folk har rekna i hovudet, på papir og med kuleramme. No føregår all viktig rekning med dataprogram.

Moderne teknologi er mykje meir samkøyrt enn den varierte historiske verktøykassa, seier Ellul. I fleire hundre år har vitskapsfolk og entreprenørar jakta systematisk på metodar som er meir effektive enn dei noverande. Ein kvar metode vil bli bytt ut med ein ny dersom ein ser at produksjonsvolumet og kvaliteten på resultatet går opp. Dette gjeld ikkje minst utviklinga av kunstig intelligens. «Viss ikkje eg hadde gjort det ville nokon annan gjort det» sa Geoffrey Hinton til New York Times tidlegare i år. Han er ein av grunnleggarane av generativ kunstig intelligens og sa nyleg opp jobben sin i Google. Sitatet bekreftar poenget til Ellul. Moderne teknologiutvikling er rasjonell heilt inn til margen. Kunstig intelligens blir laga ved at både menneska og materiala innrettar seg på ein einaste ting, nemleg å finna dei midla som er best eigna til å skapa større effektivitet.

Acemoglu og Johnson skriv som sagt i den tradisjonen som blir kalla «sosial konstruksjon av teknologi». Dei er trygge på at gode krefter kan gje kunstig intelligens-teknologiane ny retning, og formulerer tre råd for korleis dette kan gjerast: Vi må forandra den overordna forteljinga, stimulera til folkebevegelsar som kjempar for meir rettferd og pressa på for lovgjeving og reguleringar frå politiske instansar, seier dei. Men eg seier at den nesten blinde trua på sosiale krefter må supplerast med ei betre forståing av dei kognitive kreftene som er bygd inn i kunstig intelligens-teknologiane. Slik materiell handlekraft er minst like sterke som den sosiale, og dette må vi ta omsyn til når vi prøver å ta styringa over den kunstige intelligensen. Då vil dei prisverdige forsøka på regulering bli meir realistiske.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!