DebattMelkøyaKnut Vadla (Fiskarbonde, lærar, blåskjeldyrkar) og Kirsten Engelstad (Forleggar, medlem av Senterpartiet)
Noreg er rekna som nummer åtte blant verstingane i heile verda når det gjeld berekna utslepp av CO2-ekvivalentar frå havbotn ved botntråling. Fleire har dei siste åra fremma forslag om internasjonalt forbod. Eit forbod står også på sakslista for EUs «Strategi for biologisk mangfald 2030». I ein kronikk i Klassekampen 4. juli 2023 fremma me forslag om norsk forbod.