Kanon for kvinnekamp

Vi som vaks opp på 1950- og 60-talet, fekk kjenne på dei grensene som kjønnsrollene sette for liva våre. I ABC-boka stod det at «Far ror. Mor syr» Jon leika med bilar. Kari leika med dokker. I reknebøkene stod det: «Gjentene treng ikkje rekne nr. 25», sjølv om teksten fortalde at «Mor helte 10 liter saft og 22 liter vatn i eit firkanta kar». Men oppgåva handla om at vi skulle rekne ut høgda og breidda på karet og det trengde ikkje jentene (les mor) å lære. Det vi faktisk lærte, var at v år bestemmelse er å giftes , ikkje å bli dyktige i matematikk.

Debatt