RU boikottar valkampen i Nordland fordi fylkespartiet nektar å hive ut partiveteran Per-Gunnar Skotåm. No slår han hardt tilbake.

Boikott vekkjer harme i nord

Står på sitt: Gruppeleiar for Raudt i fylkestinget i Nordland og tidlegare gruvearbeidar Per-Gunnar Skotåm i ei av dei gamle gruvemaskinene frå Sulitjelma Gruber i 2021. Foto: Tom Henning Bratlie

Torsdag skreiv Klassekampen at Raud Ungdom boikottar valkampen i Nord­land, fordi gruppeleiar for Raudt på fylkestinget Per-Gunnar Skotåm ikkje vil kutte banda sine til den kontroversielle nettstaden Steigan.no.