Dagboka

Analog

For litt over ti år sidan forsvann det ei heil yrkesgruppe over natta. Då filmen blei digitalisert, var det ikkje lenger bruk for kinomaskinisten som heldt hjula i gang i kvar sal. På starten av 1900-talet måtte hen sveive rundt filmrullen manuelt, med dei tempoutfordingane det medførte. 100 år seinare gjekk filmen rundt av seg sjølv, men den kom gjerne på fem–seks store 35mm rullar. Maskinisten måtte halde rullane ved like, og sørge for sømlause overgangar mellom dei. Sidan 2010 har dei fleste kinosenter vore sentralstyrt, med ein person som trykker på play.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Ekspertar

Blant dei vanskelegaste sakene på bordet til arbeidsminister Kjersti Stenseng er striden om overtidsbetaling for deltidstilsette. Fleire dommar har slått fast at deltidstilsette har rett på overtidsbetaling. Men arbeidsgivarane vegrar seg. I månadsvis har partane i arbeidslivet sete i det som har blitt omtalt som «gruppearbeidet frå helvete» i eit forsøk på å komma kvarandre i møte. Partane står framleis langt frå kvarandre, kunne E24 melda tysdag. Stenseng var tydeleg i pressemeldinga ho sende frå seg i går. Ho er ikkje nøgd med situasjonen. Sjølv om det er sterke meiningar på kvar side av bordet, der både NHO, LO, KS med fleire sit, hadde statsråden likevel «forventet og håpet på mer».

Skynet

Hvor mange har vel ikke sammenliknet det pågående bukkerittet i de store KI-selskapene med Terminator-filmserien? Det er tross alt noen likheter. Kjapt om plottet (i filmen, ikke virkeligheten):Militæret i USA skaper et forsvarssystem, Skynet, for å automatisere forsvarskapasiteten. Målet er et autonomt system som tar avgjørelser uten menneskelig innblanding. Og så: KI-systemet får kontroll over hele forsvarsapparatet, blir selvbevisst, og ser menneskeheten som en trussel som må utryddes. I den virkeligheten vi har i dag, er det muligens tidsreisingen i filmene som framstår mest urealistisk. Skynet sender en drapsmaskin tilbake i tid for å ta livet av en ung John Connor, som seinere blir leder for (den menneskelige) motstandsbevegelsen. I film to er det Robert Patrick som gestalter T-1000, en skremmende androide på drapstokt. Og nå nærmer jeg meg poenget. Uten at jeg klarer å sette fingeren på nøyaktig hvorfor, så framstår Patrick mer skummel i et intervju fra 2017, enn i filmen fra 1991.

Merito­krati

Då den flamske diplomaten Ogier Ghiselin de Busbecq vitja det osmanske riket på 1500-talet, vart han fascinert av kor godt sultanen hadde lukkast med å skape eit system der folk fekk toppstillingar i staten fordi dei var flinke. Heime hjå habsburgarane var det slekta di som avgjorde kor langt du kunne nå. I det osmanske riket kunne sonen til ein gjetar få ei toppstilling i administrasjonen, om han var flink nok. Det var truleg eit klokt instinkt. Den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama skriv at det er mykje betre for eit samfunn å basere seg på meritokrati, enn på at posisjonar og makt går i arv. Likevel vil alle meritokratiske system innebere ein konstant kamp for å unngå å forvitre, seier Fukuyama. Vi menneske stolar nemleg meir på familie og vener enn vi gjer på framandfolk. No meiner Fukuyama at det er i ferd med å skje i heimlandet hans USA.