På eit lite institusjonsrom står ei seng. Eit bord. Ein stol. Eit skap for personlege klede. På golvet står ei ung jente. Den venstre underarmen hennar har brennemerke. Ho har sjølv pressa sigarettgloa inn i huda. Fleire gongar. Ansiktet hennar er lite. Endrar seg raskt. Eg ser noko hardt i kinna. I augo. Viljen til smerte. Å få kjenna at ein kjenner. At ein er levande til. Brennemerka morsar ein fundamental tvil.
Sjølvskading kan vera ein måte å kommunisera til andre korleis ein har det.