Likestilling 1. nov.
Utdatert likestillingslov? Leiar i Reform- ressurssenter for menn, Are Saastad, argumenterer i Klassekampen 20. oktober for at likestillings- og diskrimineringslova må endrast, slik at kvinner ikkje skal bli gitt eit særskilt vern i lova. Men Saastad går ikkje inn på kjerna i kvinneundertrykkinga, som er vald retta mot kvinner fordi vi er kvinner.
Det gjeld vald i nære relasjonar, valdtekt og partnardrap, og det gjeld porno, prostitusjon og menneskehandel. I NOU 2024:4, blir det grundig dokumentert at vald og valdtekt av kvinner er eit likestillingsproblem, eit folkehelseproblem og eit stadig uløyst samfunnsproblem. Undersøkingar viser at kvar femte kvinne risikerer å bli valdteken i løpet av livet. Talet for unge jenter er aukande.
Arna Meisfjord