I 2019 debuterte Ove Farsund som lokalpolitikar i heimkommunen Sunnfjord. Han stod på 35.-plass på lista til Arbeidarpartiet, men fekk så mange personrøyster frå veljarane at han kom inn i kommunestyret som den femte Arbeidarpartirepresentanten. Til hausen stiller han som 9.-kandidat.
Den gamle kommunisten, sleggekastaren og industrisliparen Ove Farsund har vorte sosialdemokrat, men går framleis ikkje stille i dørene.