I Arbeiderbevegelsens arkiv i Oslo kom eg over ein 17. mai-tale Berge Furre heldt i 1973. Her framheva han at nasjonalkjensla alltid er blitt brukt både positivt og negativt, og at den hos oss har vore ei kraft til frigjering for vanlege folk.
På 1970-talet kjempa tverrpolitiske Populistiske arbeidsgrupper for miljøet frå grasrotnivå. Det er på tide å revitalisere vekstkritikken.