30. okt.
Livet Eg spurde ei veninne om korleis ho hadde det på ein skala frå 1–10 nyleg. Ho sa 8, og det gjorde meg glad, for eg veit at ho ikkje alltid har hatt det like bra.
Nyleg la Statistisk sentralbyrå fram si undersøking om livskvalitet. Undersøkinga viser at mange unge, meir enn ein firedel av personar i alderen 18 til 24 og 25 til 44, svarar at dei er lite tilfreds med livet. Det er ei auke samanlikna med dei to siste åra. Ifølge undersøkinga handlar det særleg om dårlegare psykisk helse og misnøye med eigen økonomi, som kan tyda på at mange lever i ein pressa økonomisk situasjon på ein måte som går ut over livskvaliteten. Når det gjeld psykisk helse, er nivået i dag om lag det same som under pandemien, etter ei betring etter pandemien.
Anne Kari Hinna