Skogen kan vere ein stad for oppfostring og terapi.

Langt inni skogen den grøne

illustrasjon: Knut Løvås

Du kjenner kanskje til at ein del unge menn blant nord­amerikanske urfolk på prærien tradisjonelt har gjennomført ei visjonsvake eller ei visjonssøking. Det går føre seg ved at dei går ut i landskapet aleine, oppsøkjer ein heilag stad, og ved å opphalda seg der i fire dagar og fire netter medan dei vakar og fastar, ber og tilkallar åndene, vonar dei å få ein draum eller ein visjon som etterpå kan tolkast saman med dei Eldre, og som så vert ei leiesnor, ein guide, for deira komande liv.