DebattDemografiMagnhild Folkvord (Kvinnepolitisk lag i Raudt Oslo)
Christian Smedshaug dokumenterer i Klassekampen 7. juni nedgåande fødselstal. Det mest interessante synest eg er differansen mellom kor mange barn kvinner i Noreg ønsker seg, og kor mange som faktisk blir fødde. I snitt 2,4 barn mot 1,4 (2022) per kvinne. Så sant desse tala er til å lita på, er det all grunn til å ta dei på alvor. Smedshaug gjer greie for ulike økonomiske verkemiddel/velferdstiltak som har blitt prøvde i Noreg og i andre land, utan at det har gitt dramatiske utslag på fødeselsstatistikken.