USA heldt lenge tilbake for å gi Ukraina F-16-fly. Men no verkar ikkje Russland sine trugslar lenger, meiner forskarar.

USA vil la Ukraina få F-16

NYE VÅPEN: USA vil ikkje lenger stå i vegen for at Ukraina får F-16-fly. Her amerikanske F-16 i Sør-Korea i 2017. Foto: Ahn Young-joon, AP, NTB

I lang tid har president i Ukraina Volodymyr Zelenskyj bedt USA og Nato om ein spesiell type kampfly: amerikanskproduserte F-16. Til no har president Joe Biden sagt nei til dette, i frykt for eskalering av krigen.