Anders Ericson har delt denne artikkelen med deg.

Anders Ericson har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Ein «ny» Marx?

Illustrasjon: Knut Løvås

Yohan Shanmugaratnam gir i Klassekampen 11. mai eit fyldig referat av japanaren Kohei Saitos siste bok ( Marx in the Antropocen ), der det blir hevda at Marx i dei siste 15 åra av sitt liv gjennomgjekk ein «ideologisk metamorfose», frå å vere industrialist til å bli ein grøn og naturvennleg anti-industrialist, eller anti-produktivist.

Dessverre for Saito er det ingenting som tyder på at ei slik forvandling fann stad. Det økologiske perspektivet er nemleg til stades også i Kapitalen frå 1867. I siste del av kapittel 13 (om storindustrien) klandrar Marx industrikapitalismen, ikkje for «vekst», men for å forstyrre det naturgitte stoffskiftet mellom menneske og natur, i og med at den «forstyrrer tilbakeføringen av de stoffene som menneskene har forbrukt..» Ikkje minst er han bekymra over det moderne kapitalistiske landbruket, med sin bruk av kjemikaliar. Men han gir ikkje, verken i 1867 eller seinare, avkall på industrien som produksjonsprinsipp, men ser for seg ei framtidig «gjenoppretting av dette stoffskiftet som en regulerende lov for den samfunnsmessige produksjonen, i en form som er i samsvar med den høyeste menneskelige utvikling.» Mens industrikapitalismen øydelegg «byarbeiderens fysiske sunnhet», forgiftar det kapitalistiske landbruket jorda.

Saito hevdar også at Marx på sine eldre dagar skal ha forkasta bruken av omgrepet «den asiatiske produksjonsmåten». At han i 70- og 80-åra ikkje bruker desse orda, kan nok stemme. Men kategorien er ikkje borte frå tankane hans. Når Marx skjeller ut etnologen John Phear for å hevde at landsbyane i India er føydale, er det sjølvsagt fordi han meiner at dei er asiatiske (i økonomisk forstand). Saito viser til Marx’ ulike utkast til brev til russiske Vera Zusulich (1881). Men her er det nettopp snakk om eit kjernepunkt i den asiatiske produksjonsmåten, urfellesskapet, felleseigedomen i dette tilfellet i den russiske landsbykommunen, som Marx meinte kunne gå over til sosialismen utan å gå omvegen om kapitalismen. (Om teorien var haldbar, er ei anna sak. Dei ulike utkasta viser at han har problem med å grunngi standpunktet godt nok.)

Marx gav som sagt aldri avkall på det industrielle prinsipp, heller ikkje på ideen om at «klassen av produsenter» (arbeidarane) på kollektiv basis skal eige produksjonsmidla. Av plassomsyn kan eg i så måte berre vise til ein tekst som blei trykt så seint som 30. juni 1880 (Marx-Engels Werke 19, side 238).

Saitos «nye», middelklassegrøne Marx er, ved nærare ettersyn, som Olav H. Hauges nymåne, den gode gamle.

Dette får du

  • Maktkritisk journalistikk

    Få tilgang til hele avisa på papir og nett. Du kan velge å få papiravisa hver dag, lørdag eller kun nettavis.

  • Prisvinnende nettavis

    Klassekampen.no gir papirfølelsen på nett, uten distraksjoner og billige grep.

  • Magasiner

    Du får Musikkmagasinet på fredag, Bokmagasinet på lørdag, samt Le Monde diplomatique på norsk en gang i måneden.