Livet og arbeidet til den US-amerikanske forskaren Alfred C. Kinsey (1894–1956) er rimeleg velkjend. Kinsey begynte som insektforskar og slo igjennom med eit doktorarbeid på åtferda til gallevepsen. Han hadde ei uvanleg evne til å samle inn og systematisere eit enormt tilfang med empiriar, og ei like sterk evne til å få empirane til å tale for seg i krystallklare sakprosatekstar som ber vitne om eit klippefast humanistisk og politisk engasjement. Det som dreiv Kinsey, var eit ønske om å forstå og formidle den menneskelege seksualiteten.
Alfred C. Kinseys arv er igjen under åtak.