Akkurat nå

Bussturen

På laurdag skulle ein turist på bussen til Preikestolen ­utanfor Stavanger. Han kasta seg på første og beste buss som køyrde i den retninga, som viste seg å vere ein av to supporterbussar frå Stavanger til Sandefjord for å gå på Viking-kamp. ­Turisten valde å gå av bussen då han forstod kva for buss det var – då hadde diverre bussen køyrt forbi krysset opp til Preike­stolen – sjølv om han fekk tilbod om å vere med både fram og tilbake, inkludert kampbillett. «Eg trur ikkje han heilt forstod kva vi meinte», sa ein leiande vikingsupporter til Stavanger Aftenblad i helga. Han trur turisten var frå Sør-Amerika.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Akkurat nå

Brødhuset Bastian (II)

Bak brødkvernen ble Bastian fylt av en helt spesiell følelse. Det var som om tusen soler skinte i hans innerste brødhjerte. Han sveivet ekstra hardt på sveiven. Ut av kvernen seilte et vidunderlig, deilig, aldeles fantastisk brød. Brødmaker Bastian hadde aldri sett en så deilig klump med kvernferskt brødsom denne. «Jeg har laget verdens beste brød», tenkte brødmakeren. Han fikk sin assistent ass.

Brødhuet Bastian (I)

Brødmaker Bastian kom fra en liten bygd i Nord-Norge. Bastian var oppkalt etter Thorbjørn Egners rollefigur som patruljerer gatene i det dystopiske tettstedet Kardemomme by. Eller, det var det Bastian tenkte selv om navnet. Helt ærlig visste han ikke helt hvorfor han het Bastian. Foreldrene hadde aldri fortalt det til ham. Det var sikkert mange grunner til dette. Én av dem var at foreldrene til Bastian aldri hadde møtt hverandre før.

Ting eg hatar

Nyheitene er vanskeleg å følgje med på og vanskeleg å ta innover seg. Og viss du får til å ta dei innover deg, er dei stort sett så fæle at du kjenner deg tom, forvirra, apatisk eller livredd. Men det norske nyheitsbildet klarer uansett alltid å vere sitt gamle eg, på eit eller anna vis. Med liksom dei same debattane, folka og vendingane. Og det er noko ved dei som klarer å vekke mykje frustrasjon og sinne, og nesten ei kjensle av, ja, eg veit det er eit hardt ord som ikkje skal brukast for mykje, men hat. No kjenner eg at eg treng å få ut aggresjonen ein eller annan plass, og då er denne spalta fin. Her er ting eg hatar ved nyheitene: Ordet «pumpepris». Særleg når politikarar seier det. (Eg kan legge til ordet «penispumpe». Det er ikkje så ofte i nyheitene, men det er noko vemmeleg med p-ane på rad, ein spyttar dei stygge orda.) Folk som smattar mens dei snakkar på radio.