Optimismen rår i Brasil. Men president Lula da Silva balanserer på ein knivsegg når både urfolk og industri skal få sitt.

Kjempen i sør blir skapt på ny

Vil samle folket: Brasils President Lula da Silva (i midten) jobbar no for å balansere sosiale rørsler, næringsliv og aktørar frå venstre til høgre på den politiske aksen. Her er han fotografert med kona Rosangela da Silva og urfolksleiar Raoni Metuktire etter innsettinga i januar. Foto: SERGIO LIMA, AFP/NTB

Det kunne sjå mørkt ut ved byrjinga av året, då tilhengarar av tidlegare president Jair Bolsonaro gjekk til angrep på fleire demokratiske institusjonar i Brasils hovudstad Brasilia. Demonstrantar kledd i grønt og gult storma Kongressen, høgsterett og presidentpalasset, og nekta å godta valresultatet.

Utenriks