Då eg vaks opp som Brann-supporter utanfor Bergen, gjekk det bussar frå nord, sør, aust og vest frå dei mellomstore tettstadane kring Bergen og inn til Brann stadion. Dei same bussane gjekk heim att etter kampen. Det var ein enkel måte for unge gutar og jenter å reise åleine eller saman med vener inn til byen. Der kunne ein pleie gamle venskap og starte nye. Truleg i takt med tida forsvann etterspurnaden. Bussane forsvann, i alle fall.