Når eigne sår vert song, kan det gi trøyst for dei som treng det.

Trøysteviser for vaksne

Illustrasjon: Knut Løvås

Det som først fekk meg til å verta merksam på songaren og songskaparen Dory Previn (1925–2012), var den uvanlege poetiske ladninga i mange av tekstane og det inderlege og underleg ironiske i framføringa av visene. Albumtitlar som «Mythical Kings and Iguanas» og «Leprechauns are upon me» fascinerte meg.