Næringspolitisk talsperson i Høgre, Lene Westgaard Halle, har vore i Danmark og kjøpt mat. Der var han billig. Da blir det for dumt å produsere maten sjølv viss ikkje norsk landbruk kan levere til same pris. Problemet er at Norge er eit høgkostland med kort vekstsesong. Vi kan sikkert få kjøpt maten vi treng frå land med betre vekstvilkår og lågare krav til inntekt, arbeidsvilkår, miljøkrav og barnearbeid. Spørsmålet er kor lenge og om det er etisk og samfunnsmessig rett.