Noter

Den bisarre kansellerings/nazist-feberen herjar vidare i Brasil. For nokre veker sidan var det Mayhem – men som mange sikkert har fått med seg, gjeld saka no ein heilt annan norsk artist: Aurora. Trommis i bandet hennar, Sigmund Vestrheim, er skulda for å vera nazist etter å ha gjort «OK»/«helmaks»-teiknet på ein konsert i Brasil rett før påske. Det blei full baluba, hets og truslar, og ifølge Bergensavisen (BA) blir Vestrheim no erstatta på siste del av turneen. Det er av omsyn til hans og bandets sikkerheit, skal ein tru Auroras eige innlegg på Instagram. «Absurd og skremmende», seier Vestrheim til BA om situasjonen. Forståeleg nok.

Musikkmagasinet