For nokre veker sidan skreiv eg eit innlegg om attersyn med noko barnelitteratur frå halvgamle dagar. Mellom mykje anna kom eg med eit framlegg til lesarar og utgjevarar som eigentleg ikkje likar denne litteraturen: La han kvila i fred – fingrane av fatet. Ikkje særleg originalt, så eg sette stempelet «relativt woke» på framlegget for å sprita det opp.