Dagboka

Krise

Eg veit om ein sjukepleiar som vurderer å slutte i jobben. Det er faktisk heilt krise. I går kom det NTB-melding om at WHO åtvarar mot bemanningskrise i den europeiske helsesektoren. Ei årsak er at heile 40 prosent av alle helsearbeidarar i Europa, vil pensjonere seg innan 40 år, utan at det finst ein plan for å erstatte dei. WHO har tidlegare omtalt den europeiske helsearbeidarkrisa som «ei tikkande bombe». No slår organisasjonen fast at krisa er eit faktum.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Helt konge

Sist helg skjedde det en markering midt i Barentshavet som både Vladimir Putin og Donald Trump må ha lagt merke til. Som første norske konge gikk kong Harald i land på Bjørnøya, riktignok litt etter at dronning Sonja hadde hoppet i land fra Forsvarets «Sjøbjørn». Bildet av kongen med krykker, tykke skinnhansker, et skeivt smil og en velbrukt topplue på den strategisk viktige øya midt i havet vil bli en klassiker i historiebøkene. Underveis til Longyearbyen ønsket Kongen (88) å gå i land på Bjørnøya. Tåke hindret den planlagte helikopterlandingen, og monarken ble fraktet i land i lettbåt. Her overtok en nyvasket grønn traktor med rød henger, og i hengeren var det satt en benk. Kongen klatret opp, og ferden gikk fra havna til stasjonen på humpete vei i gangfart. En flotilje med krigsskip rundt og en flokk av hissige kampfly over øya ville ikke skapt en sterkere markering. «Vi er her siden dette er en del av Norge», sa kongen til NTB. Nordområdeekspert Tormod Heier kommenterte at Bjørnøya og resten av Svalbard er Norges strategisk viktigste områder. Ni personer jobber ved den meteorologiske stasjonen, og dronningen fikk lov til å slippe dagens værballong. Søndag kveld besøkte kongeparet fangstfamilien Ida, Jan og dattera Elena Brunner i Farmhamna, og i går ankom kongen og dronningen Longyearbyen og folkefest på torget.

Kjensler

I eit fjernsynsintervju som ligg ute på internett, seier ein journalist til Olav H. Hauge at dikta hans ikkje er så sentimentale. Det er meint som eit kompliment, men Hauge vil ikkje ha det. Å vere sentimental tyder å vere kjenslefull, og Hauge svarar at viss vi ikkje er det, så er vi ikkje menneske. Det likar eg, for eg meiner at kjensler er undervurdert. I politikken vert det ofte nytta som eit angrep å seie at folk er påverka av kjensler, men realiteten er at dei beste, mest handlekraftige og klårsynte politikarane alltid er sterkt påverka av kjensler. Kva skulle dei elles vere påverka av? Også veljarane er styrte av kjensler.

Tid

Folk i Noreg brukar ein time mindre på jobb kvar dag samanlikna med i 1970, og også ein time mindre på husarbeid. Teknologiske framsteg og sosial utvikling har gjort at vi til saman har fått fleire veker i løpet av eit år som vi kan bruke på andre ting. Den dårlege nyheita er at vi har valt å bruke tida på å sjå meir på TV. Faktisk har også tida vi brukar på å vere sosiale saman med andre gått ned, sjølv om vi har meir tid tilgjengeleg til å gjere det enn før. Filosofen Bertrand Russell skriv i essayet «In Praise of Idleness» frå 1932 at det å ha god tid er noko vi menneske må lære oss. Russel såg føre seg at økonomisk vekst ville gjere at vi kom til å jobbe mykje mindre, men han åtvarar om at det ikkje er sikkert at vi kjem til å vere så flinke til å utnytte all tida vi etter kvart har fått i gåve. Det å klare å bruke tida vår på jorda på ein god måte er nemleg ein kunst, og Russell meinte at mange generasjonar med arbeid har frårøva oss evna til å meistre denne kunsten. Det er ikkje gale å gjere lite, og faktisk har mange av dei store ideane og oppfinningane oppstått i liva til folk med lite å gjere.