Debatten om Raudt skal halde fram med å vere det einaste partiet i landet som er motstandarar av våpenstøtte til Ukraina eller ikkje, går sin gang. I sentralstyret og i stortingsgruppa til partiet er det allereie eit klart fleirtal for å sende våpen, og no er det også det i fylkeslaget i Nordland.
– Eg vart litt overraska over at vi vann fram med den linja. Eg trur kanskje at det er den vegen det går også på landsmøtet i vår. Eg har sjølv snudd i dette spørsmålet, og standpunkt som er eit halvt år gamle, er ikkje så mykje verdt, seier Svein Olsen i Raudt Nordland.
Det var han som foreslo fråsegna til støtte for våpenhjelp til Ukraina som fekk fleirtal i helga.
Dei mest profilerte Raudt-politikarane frå Nordland, som stortingsrepresentant Geir Jørgensen og tidlegare varaordførar i Bodø Synne Bjørbæk, er motstandarar av våpenhjelp til Ukraina. Difor hadde Olsen og fleire med han trudd at fylkeslaget også kom til å lande på det.
Raudt har landsmøte mellom 21. og 23. april i Stavanger, og det er da dei endeleg skal avgjere kva dei skal meine om våpenstøtte.
Det er ikkje fylkeslaga som sender sine delegatar til landsmøtet, men kvart enkelt lokallag i Raudt. Det tyder at det ikkje er avgjerande kva fylkeslaga meiner. Når 19 mot 16 i Nordland røysta for våpen i helga, kan det likevel gje ei peikepinn på kva dei aktive politikarane der meiner.
Gir ikkje opp
Førre veke gjekk partileiar Bjørnar Moxnes ut og slo fast at han sjølv er tilhengjar av våpen til Ukraina. Frå før var det kjent at eit fleirtal i sentralstyret har det standpunktet, men Moxnes har venta med å ville avsløre kva han sjølv meiner.
Stortingsrepresentant Geir Jørgensen er ein av mindretalet i stortingsgruppa til Raudt som framleis ikkje vil sende våpen. Han har ikkje gitt opp, sjølv om han tapte slaget i sitt eige fylkeslag.
– Det var ein fin debatt. Det er jo eit tema som engasjerer, og vi heldt på i fleire timar. For min del syns eg det var synd at eit fleirtal gjekk inn for våpenstøtte, men det er heldigvis ikkje her saka står. Det blir opp til landsmøtet å avgjere dette. Eg kjempar framleis for mitt syn.
– Har du noko kjensle av kor landsmøtet vil lande?
– Nei, det tør eg ikkje å spå. Men eg trur ikkje det vil bli eit overtydande svar verken i den eine eller den andre retninga. Så utfallet er ukjent.
– Kan Bjørnar Moxnes bli sitjande dersom han taper denne saka?
«Det går ikkje an for Ukraina å forsvare seg utan våpen.»
— Svein Olsen, Nordland Raudt
– Ja, ein partileiar må respektere eit landsmøtevedtak. Det er ikkje uvanleg at ein partileiar og ei partileiing går på eit tap. Slik er det i eit parti. Det er grasrota som bestemmer. Særleg i eit sosialistisk grasrotparti. Så kampen held fram.
Ikkje tanks og kampfly
Sjølv om Raudt i Nordland no støttar at Noreg skal sende våpen til Ukraina, skjer det med ei rekkje atterhald.
Dei ønskjer ikkje at våpenhjelpa skal skje i regi av Nato, og dei vil ikkje støtte at det vert sendt stridsvogner eller kampfly.
– Det handlar om folkeretten, og at våpena ikkje skal verte brukt utanfor Ukrainas grenser. Dei kjempar for sitt eige nasjonale sjølvstende, mot ein ulovleg okkupasjon og ein ulovleg invasjon, seier Olsen.
Han forklarer at det er utviklinga i krigen som gjer at han sjølv har endra standpunkt frå å vere motstandar til å bli tilhengjar av å støtte Ukraina med våpen.
– Det går ikkje an for Ukraina å forsvare seg utan våpen, og då vart det klart for meg at viss våpenforsendingar vert overlate til Nato, er det stor fare for at denne krigen vert ein del av Nato og Russland si rivalisering om hegemoniet i denne ganske trasige verda, seier han.
Kritisk til partileiinga
Sjølv om Svein Olsen er samd med partileiinga i Raudt, er han ikkje så fornøgd med korleis dei har opptredd i denne saka.
– Eg er kritisk til partileiinga, og at dei ikkje har lagt til rette for diskusjonar i partilaga. Det har blitt meir harde frontar enn det hadde trengt å bli. Det var ein fin diskusjon på årsmøtet vårt no, og der var det ikkje harde frontar, seier han.