Helgeplanar

  • Kulturboikotten av Russland er eit tviegga sverd. Den første filmen som vart råka på norske kinoar i fjor vår, var «Kaptein Volkonognov unnslipper» (2021) regissert og skrive av ekteparet Natasha Merkulova og Aleksej Tsjupov. Filmen er no likevel vist og debattert på Tromsø Internasjonale filmfestival, der det er god grunn til å sjå han på den siste visinga laurdag. Filmen er, slik omtalen presist seier, ei blanding av satirisk politisk thriller og morals fabel, og handlar om den titulære Fjodor Volkonogov (den svært talentfulle skodespelaren Jurij Borisov), som i 1938 er kaptein i NKVD i Leningrad. NKVD (Folkekommissariatet for innanrikssaker) var på denne tida Sovjetunionens tryggingsteneste og hemmelege politi. Men under Moskva-prosessane sit heller ingen her trygt. Den paranoide logikken, retorikken og utreinskingar frå topp til botn har meir enn eit uhyggeleg ekko i samtida.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Bøker

Kilder til Klasse­kam­pen: Aschehoug-kjøpet var en styrt prosess

Kulturuka

Det var nok dumskap i verden. Så kom den kunstige.

Idear

Filmskapar Vincent Muiner vil vekkja oss til handling med vakker natur.