Verdiar

Det er eg som skaper verdiar her til lands. Det kan du særleg ta til deg dersom du les dette frå eit departement eller Næringslivets hus. For medan eg sit her på eit kontor i ei pressestøtta avis i Oslo, så veks det ein ny skattebetalar inni meg. Og skattebetalarar er hard valuta i velferdsstaten, og dessutan sjeldan vare. Ferske tal frå SSB slo det nettopp fast: Fødselstala stuper. Dei har stupt før, men no snakkar vi svalestup frå timeteren. Det blir født om lag 10.000 færre barn no enn for 10 år sidan.

Dagboka