Hurtigspor til helvete

GRUVEDRIFTSLIVET: Bilde frå det som ein gong var Engebøen ved Førdefjorden. FOTO: PRIVAT

Norsk mineralnæring er i ei skjebnesvanger tid. Ny minerallov er under ut­arbeiding, og den nye mineralstrategien skulle ha vore lagt fram i fjor. Samstundes er det stor etterspurnad og høge marknadsprisar. 23. desember avslørte Nærings- og fiskeridepartementet at det skal lanserast eit hurtigspor for kritiske råvarer. Tilrettelegging for raskare realisering av gruveprosjekt supplerer tidlegare signal frå regjeringa om auka norsk produksjon og intensivering av næringa.

Debatt