Fotball-vm
Vann fotballen. Tapte for Fifa-kulturen
Det er ikkje første gong idretten opplever dette!
Skeiseentusiastar litt til årskomne, har opplevd det på mange vis, med påfallande vatning og slipemaskiner på isen i utide. I eit OL måtte Fred Anton Maier gå ytst i banen i alle svingar heile 10.000-meteren for å finna litt glid til skeisene på grunn av sandpapirisen slipemaskina hadde etterlate seg inst i banen.
I langrenn kunne ein sjå det på lang avstand, at noko var utanom «det normale». Frå løparar og nasjonar så mange at ein helst ikkje vil minnast det. Mange heltar har bleikna bort for sanninga når ho kom for ein dag.
Og vitskapen har vore ein hjelpar til så mangt utan etiske skruplar for «raskare, høgare, lengre», som alltid har vore det offisielle ideal i idretten. Både i dei indre kroppslege vilkåra og i dei ytre vilkåra for idretten.
Og så kom pengane inn som dominerande motiv på alle plan i idrettar som kunne gjerast populære i den nye mediestyrte verda. Då måtte rettferdsideala vika for det salbare.
Jarle Tufta