Eit offentleg utval har kome med framlegg om nye reglar for opptak på studium ved universitet og høgskule. For 80 prosent skal opptak baserast på karakterane frå vidaregåande, dei resterande 20 prosentane ut frå ein opptaksprøve. Det skal ikkje gjevast tilleggspoeng frå noko som helst: førstegongteneste, folkehøgskule, fagskule eller høgare utdanning.