Har du samtykke frå stjernene?

Mars og Venus

Å finna ein passande partnar har alltid vore ei utfordring, og ho har ikkje vorte enklare med tida, jamvel om kjærastemarknaden no strekkjer seg langt utover eiga gate og grend. Også når det kjem til partnarjakt, er internett ei tvitydig velsigning. I tillegg til å skapa nye kjipe sjekke- og avvisingsstrategiar, som «dick-picks» og «ghosting», har organisert digital-dating tatt med seg overtru kjent frå kontaktannonsar på papir: astrologi. Avisa The Independent har merkt seg at den digitalt innfødde ungdommen er så opptatt av korleis stjerneteiknet til potensielle partnarar harmonerer med deira eiget at det er eit marked for matchmaking-appen Stars Align. Også på Tinder kan du leggja til stjerneteiknet på profilen din i von om å unngå å kasta bort tid på inkompatible beilarar. Andre nettfora kan rettleia deg meir allment med å fortelja at «jomfruer er ekstremt dømmande, noko som gjer dei til forferdelege vener og menneske», medan «tvillingar er vonde», ein påstand som blir underbygd av at Donald Trump, Kanye West og Draco Malfang (Harry Potter-karakteren) alle er tvillingar.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Medier

Pete Hegseth vil direkte­sende henret­telsen av en drapsmann. En kalkulert forråelse av den ameri­kanske kulturen, mener Arne Johan Vetlesen.

Kulturtirsdag

Europas yngste stat drømmer om EU-medlemskap, men Pristina later i begrenset grad til å ville tekkes gjester utenfra.

Kunst

Det groteske, triste og komiske eksisterer stadig side om side i 90 år gamle Willibald Storns kunst.